START/MÅL
Starten går frå toppen av t-krokheisen (fylgj skilting) i Haukelifjell skisenter klokka 1200. Løperane bør berekne litt ekstra tid for transport til toppen (ca. 15 min).
Alle som skal delta kan ta heisen opp gratis. Dei som av ein eller annan grunn ikkje vil ta t-krokheisen, får tilbod om transport opp med skuter.
Bekledning blir lagt i ein merka pose. Denne vil bli køyrt ned og utlevera ved målgang.
Det er felles start for alle klassene. Eliteklassa har beste startposisjon.
Målinngang er også i Haukelifjell skisenter.
TRIMKLASSE
Har ikkje vanleg premiering. Det blir trekt eit antal premiar mellom dei som registrerer seg. Hovedpremien iår blir eit reisegåvekort.
Det er ikkje noko krav til dei som stiller opp i denne klassa til lengda dei går.
Fristen for å registrere seg i trimklassa er klokka 1100 renndagen.
Alle som registrerar seg får også eit startnummer. Dette nummeret er då med i trekninga om gevinstane, etter sjølve rennet.
Det kostar kroner 100,- for å vere med.
BEDRIFTSKLASSE
Dei som vil representere bedriftslaget sitt, melder seg som vanleg på i si aldersklasse og går på tid.
Det er dei tre beste tidene på dei som går, frå same bedrift, som blir teljande.
I denne klassa blir det sett opp ein vandrepremie, som må vinnast tre gonger før ein får den til odel og eige. Fine premiar blir det og på nummer to og tre.
ALDERSKLASSER
Etter N.S.F.’s regler.
Eliteklasse K Eliteklasse M
K 16-20 år M 16-20 År
K 21-25 år M 21-25 År
K 26-30 år M 26-30 år
K 31-35 år M 31-35 år
K 36-40 år M 36-40 år
K 41-45 år M 41-45 år
K 46-50 år M 46-50 år
K 51-55 år M 51-55 år
K 56-60 år M 56-60 år
K 61-65 år M 61-65 år
K 66-70 år M 66-70 år
K 71-75 år M 71-75 år
K 76 år og eldre M 76 år og eldre
LØYPE
Løypa er ca. 32 km lang. Startstaden ligg på ca. 1000 m.o.h. Løypas høgaste punkt er ca. 1210 m.o.h.
Løypetraseen kjem til å bli ein del av løypenettet til Haukelifjell skisenter. Denne blir tråkka store delar av vinteren. Heile traseen ligg i opent høgfjellsterreng.
STILART
Rennet går i fristil. Det blir sjølvsagt også køyrd opp spor for dei som vil gå klassisk.
PÅMELDING / STARTKONTINGENT / FORSIKRING
Påmeldingsfrist for å delta på rennet er sett til 14. april klokka 2400.
Påmelding skjer gjennom e-post adressene( sjå påmelding i menyen over).
Innbetaling av startkontingent til bankgiro 27170700924.
Ved betaling via nettbank oppgis i felt for melding: Namn, fødselsår, klubb og klasse.
Ver spesielt oppmerksam hvis du betaler for andre løperar eller bruker ein konto i en annans person namn. (Ellers vil ikkje arrangør sjå kven betalinga gjeld for.)
Ta med kvittering ved henting av startnummer, som ekstra sikkerhet. Løperar får ikkje utdelt startnummer utan kvittering, eller at startkontigent har blitt registrera av arrangør.
OBS! Innbetalt startkontingent tilbakebetalast ikkje ved manglande frammøte, eller hvis man trekker seg. Det er ikkje adgang til å starte på ein annan persons påmelding.
ETTERANNMELDING
Melder du deg på seinare enn fristen (14. april) vil du måtte betale eit gebyr på kroner 100.-
Dei som melder seg på renndagen (17. april) vil få eit ekstra gebyr på kroner 200,-
VERFOREHALD
Hvis verforholda utviklar seg slik at arrangøren finn det for risikabelt å sende løperane ut i høgfjellet, vil løypetraseen bli lagd om, eller i verste fall avlyst..
RENNKONTOR (Tyrvelidhallen i Haukelifjell skisenter)
Fredag 16. april er rennkontoret oppe frå klokka 1800-2100.
Renndagen er rennkontoret oppe frå klokka 0900-1100.
TRIMKONTOR (Gamle skiutleiga i Haukelifjell skisenter)
Fredag 16. april er trimkontoret oppe frå klokka 1800-2100.
Renndagen er trimkontoret oppe frå klokka 0800-1030.
Det blir også mogleg å registrere seg oppe ved matstasjonen/statkraftspurten ved Kreklingdyrskar (sjå løypekart) på renndagen.
Arrangøren oppmodar flest mogleg til å melde seg på på nett, eller på fredagskveld.
OVERNATTING
Ta kontakt med Haukelifjell booking.
Her finn de eige tilbod om overnatting i rennhelga.