Haukelirennet


Go to content

Team - Haukelirennet på landevegen!


Opp Austmannalia.

Laurdag 3 juli, gjekk sykkelrittet Odda - Bø ( Haukeliruta) for 30.
gong. Ein optimistisk gjeng frå arrangørkomiteen av Haukelirennet
hadde tatt mål av seg å gjennomføre denne styrkeprøva på heile 22 mil.
Frå sjøen i Odda og opp på 1100 m.o.h i løpet av dei fyrste 31 km
kunne ikkje skremme fjellvante karar frå Haukeli.(Eller?)

Med nokre få felles treningsturar, og hyppig med intervalltrening dei
seiste tre vekene, la me i veg med godt mot. Ingen hadde nokon gong
hatt ei lengre treningsøkt enn 6 timar, og det byrjar å bli år og kilo
sidan.Men når gamle "sirkushestar" bestemmer seg, så er det alvor.
Veret holdt godt heile vegen, og me hadde truleg den beste
"fanklubben" av alle deltakarane. Dei forflytta seg i bil over ein
distanse på 10 mil, ja nokon sogar heilt til målstreken i Bø. Det var
til god hjelp på strategiske plassar. Etter vel 8 timar på sykkelsetet
hadde heile Team - Haukelirennet trilla i mål i Bø. Georg, Per Kjetil,
Tommy, Sverre, Knut Tore og Helge nådde alle målet om Bø etter 22
mil. Me hadde alle gjennomført vårt fyrste landevegsritt.


God støtte frå fanklubben.

Det er ein utruleg flott trase, og eit flott arrangement frå
Skarphedin I.L. Ei naturoppleving som skulle appelere til fleire,
kanskje også nokon av deltakarane i Haukelirennet. Anders Aukland! Me
veit du er ein råtass på sykkel, og løypeprofilen skulle passe godt
for skiløperar.

Me vil få takke Hans på Tine meieriet Sør, og Knut Martin på Spar
Haukeli, for næringa me fekk i oss undervegs.
Vil også takke Bertin, Tor Håkon, Tom Ivar, Bjørn og Oddbjørn for ein
kjempejobb med mat og service. Alltid på rett plass til rett tid!

Takk for turen!


Velfortent avslutning på ein hard tur.



____________________
























Haukelirennet 17. april 2010.

Det er med glede og stolthet IL REIN presenterar Haukelifjells storslagne skipark.
Arrangørklubben ynskjer både fjorårets og nye skiglade langrennsvenner velkomne til det 2. Haukelirennet.
Eit 32 kilometer langt turrenn, som med start og mål i Haukelifjell skisenter.
Me satsar på å ha vergudane på same lag iår, som me hadde ifjor.

Nyhetar:




IL Rein ynskjer å takke alle som møtte og deltok på årets Haukelirenn. Det blei ein bra oppleving, sjølv om veret var dårleg.
Sjekk ut kva Marit Bjørgen sa i intervju etter rennet. Intervju.

17.04.2010:
Sjølv om ikkje vergudane var på vår side, gjekk Haukelirennet av stabelen.
Herreklassa blei i år vunne av Sjur Røthe, med Torgeir Skare Thygesen som ein god nummer to. I år måtte Anders Aukland ta til takke med tredje plassen.
I dameklassa var det sjølvsagt Marit Bjørgen som vann. Nummer to blei Astrid Uhrenholdt Jacobsen. Tredjeplassen gikk til Tone Dalen.
For å sjekke ut korleis det gjekk med dei andre, så ligg resten av lista under Resultater.


17.04.2010:
DET BLIR RENN!! Grunna både nedbør og sterk vind, vil løypa bli kraftig innkorta. Starten går på toppen av t-krokheisen som planlagd, men det blir bare gått ei rundløype på tre (3) kilometer. Denne blir gått to gonger, for så å gå i mål nede i skisenteret.
Løypa blir då på totalt åtte (8) kilometer.


16.04.2010:
Informasjon: Haukelirennet blir arrangera laurdag 17. april klokka 1200 uansett ver!!
Avhengig av vertilhøve kan eventuelt løypa bli korta inn på kort varsel.
Dette blir det informert om ved start og i målområde. Fyrste jurymøte er klokka 0830 laurdag.
Sjekk nettsida. Det vil bli lagd info, rundt klokka 0900.



10.04.2010:
Kjempefine løyper!!
Godveret frå ifjor har meldt sin ankomst!! Slik såg det ut i løypene idag. Meld deg på!!



09.04.2010:
No er løypa til Haukelirennet køyrd opp. Det er både anledning til å skøyte, samt gå klassisk. Det er køyrd spor i heile traseen.
Traseen vil bli trakka jamnleg framover, så no er det bare ut å trene!!
Bruk helga til å sjekk ut årets løype. Det er meldt kjempever!!


06.04.2010:
Verdsmester og OL-deltakar Astrid Uhrenholt Jacobsen Kjem til Haukelirennet. Det blir også internasjonal deltaking.
Curdin Perl frå det sveitsiske landslaget startar.


27.03.2010:
Me gratulerer Kristin Størmer Steira med nm-gull på 30 kilometeren. Godt å sjå du er i rute til haukelirennet.

20.03.2010:
Anders Aukland vann Birken! Gratulere så mykje! Dette var ein fin oppvarming før Haukelirennet!

08.03.2010:

Ynskjer Konnerud IL lukke til med World Cup sprint i Drammen, torsdag 11. mars. Det er også barneskirenn onsdag 10. mars. Møt opp på torget i Drammen!!


28.02.2010:
5 medlajer. tri gull!!! ei sylv! og ei bronse! Kan du slå denne jenta??? Du kan hvertfall prøve 17. april dette året!! Meld deg på!!!

25.02.2010:
OL-gull igjen. Tenk deg at to av desse er med på Haukelirennet! 26 år sidan siste gull! Gratulerer jenter!!!

22.02.2010:
Anders Aukland vant den 39. utgåva av Tartu skimaraton! Gratulere så mykje Anders!! Godt å sjå at formen er inntakt. Dei skal få noko å bryne seg på, dei som vil slå deg i årets Haukelirenn.

20.02.2010:
FANTASTISK OL innsats av Marit Bjørgen og Kristin Størmer Steira. Me føler med deg Kristin! Tenk at begge desse kjem til Haukelirennet. Kjem du?

18.02.2010:
ME vil få gratulere Marit Bjørgen med olympisk gull i sprint!! Det var ein maktdemonstarsjon av dei sjeldne!!
Me i arrangørklubben gledar oss til at den olympiske mesteren kjem og set farge på Haukelirennet denne våren. Dette bør ingen andre gå glipp av heller..

17.02.2010:
Har du ikkje fått tak i årets folder, eller invitasjon, finn du dei her. Folder 2010. Invitasjon.

10.02.2010:
Haukelirennet vil rette ein STOR takk til STATKRAFT for samarbeidsavtala som er inngått. Det gjer STATKRAFT til hovedsponsor av Haukelirennet 2010.

15.01.2010:

Det vil vera folk frå IL Rein under NM på ski i Stokke, torsdag 21. januar. Har du spørsmål angåande vårt arrangement, sjå etter folka i dei grøne jakkene og snakk med dei!!

26.11.2009:
Gled dykk til Haukelirennet 2010, rein skiglede! Arrangørklubben kan bekrefte at vinnarane av Haukelirennet 2009, Anders Aukland og Kristin Størmer Steira, også stiller til start på sesongens renn.
Marit Bjørgen, som har hatt ein veldig bra sesonstart, kjem også.
Har du lyst til å måle krefter mot desse og kansje vippe dei ned frå trona, må du byrje med skitreninga no!

25.11.2009:

Traseen til Haukelirennet 2010 blir ikkje den som blei bruka i 2009. Tilbakemeldingar arrangøren fekk var at den var i tøffaste laget for mange. Dette har me teke til etteretning.
Løypa for 2010 går ikkje nedom Havradalen, men held seg i fjellpartiet mellom E-134 og Havradalen.
Innkomst til mål i Skisenteret kjem ikkje til å bli lagd i sin heilhet i alpinbakken, men vil gå slik at farten blir vesentleg mindre. Sjå løypekart for meir informasjon.





Back to content | Back to main menu